Mandag 29.juni gjekk turen til Bergen med 15 born, deira føresette og medarbeidarar frå den diakonale tenesta og Bømlo Mottak.
I vår søkte ei gruppe som jobbar med diakoni i kyrkja på Bømlo UDI om tilskot til aktivitetar for born på Bømlo mottak. UDI løyvde 29000 til gjennomføring av ein dagstur til Bergen og ulike hobbyaktivitetar på mottaket.
Mandag 29.juni gjekk turen til Bergen med 15 born, deira føresette og medarbeidarar frå den diakonale tenesta og Bømlo Mottak.
Å reisa med buss var fint og sosialt. På ferjeturen samla me krefter til aktivitetane i Bergen med medbrakt niste. Målet for turen var VilVite senteret og Fløyen.
På Vil vite utforska borna og dei vaksne dei ulike postane med stor iver. Etter opphaldet på Vil Vite smakte det godt med pizza og brus på Egon før me tok turen opp på Fløyen. Turen opp og ned med Fløybanen var veldig spennande for mange i følgjet, og på toppen nytte me utsikten! Klokka halv seks var det ein fornøgd og glad gjeng som sette seg på bussen for å reisa heim.
