Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Klassisk, Swing og Evergreens


Klarinett og orgel-konsert i Bremnes kyrkje tysdag 18.august kl.19.00
 
I mange av våre kyrkjer kulminerer sesongen for vigsel no i august. Det nye dei seinare åra er ei utvida spennvidde i musikksmak, også hos den einskile lyttar, frå klassisk til nær sagt alle musikkformer. Konserten klassisk, swing & evergreens prøver å sameine mykje av dette mangfaldet i ein og same konsert, også gjennom å blande sentral kyrkjemusikk med musikk frå det øvrige repertoaret, ei slags kaleidoskopisk reise der ein også vil få høyre kyrkja sitt eige instrument, orgelet, brukt på ein måte som sikkert vil verke overraskende på mange.
 
Musikarane, Mikael Børresen, klarinettist og Ivar Mæland, organist, debuterte praktisk tala samstundes frå solistklassen ved Det Kongelige danske musikkonservatorium i København, våren 1976. Sidan har dei halde kontakten og har gjennom åra gjeve ei rekkje konsertar saman. Konsertane har fått svært god mottaking, då repertoaret spenner heilt frå klassiske verk, via rytmisk musikk som tango, til arrangement av ABBA- låtar som «The winners take it all». 
 
Begge to har hatt spennande karrierer i fleire land; Mikael Børresen var i ei årrekkje  soloklarinettist i symfoniorkesteret i Bremerhafen og hadde ein stor freelancekarriere ikke minst i Tyskland. Ivar Mæland har delt sitt yrkesliv mellom sentrale kyrkjemusikarstillingar som Nidarosdomen, Skagen og Fana kyrkjer, og den siste lange perioden som ansvarleg for den danske folkekyrkja si kyrkjemusikkutdanning på Jylland, samstundes som han var organist ved den fantastiske klosterkyrkja i Vestervig med eit av Danmarks mest kjende orgel. Begge to arrangerer ulik musikk for instrumenta, noko som også vil prege denne konserten.
 
I løpet av konserten får vi høyre eit av dei vakraste stykka klassisk musikk ein kan førestille seg: Adagio, fra Mozarts klarinettkonsert i A-dur. Programmet inneheld elles så ulike nummer som Børresens klagesong over ein tekst frå profeten Amos til La Paloma av S. Tradier. 
 
Endeleg får den kjende ABBA-melodien «The winners take it all» lov å avslutte konserten!

Billettsal i døra
 
Tilbake