Strøyming av gudstenester


Etter ny lokal forskrift med maks 10 på gudsteneste har kyrkja på Bømlo igjen valgt å gå tilbake på strøyming av gudsteneser utan mogelegheit for fysisk deltaking. 

 

Nok ein gong er det innført strenge smitteverntiltak som avgrensar vår aktivitet. Som følgje av dette har kyrkja valgt å gå tilbake til kun strøyming på nett. For å få ei større variasjon i kva kyrkje det vert strøyma frå har me valgt å nytta vårt portable utstyr for filming og strøyming. Dette gjer at strøyminga hovudsakleg vert å finna som live-sending på kyrkjene sine facebook-sider. Så søk opp kyrkjene på facebook. Dersom du nyttar Apple-TV, Cromecast eller har ei anna smart-TV løysing har du også mogelegheit til å få kyrkja si sending på din TV via appen Facebook Watch.  

Moster kyrkje på facebook
Lykling kyrkje på facebook
Bømlo kyrkje på facebook
Bremnes kyrkje på facebook

Attende