Tru:D 11 - LysVaken


Hei, du som blir 11 år!

Har du lyst til å vera med på noko spennande? Vil du vera med på LysVaken og overnatta i kyrkja? Arrangementet går føre seg i heile Noreg og er ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja. LysVaken handlar om å vera lys vakne for det som skjer rundt oss; me skal bry oss om kvarandre, bli kjent med Gud og oss sjølv.

Me skal høyra bibelforteljingar, leika, bli kjende med kvarandre, syngja ilag, sjå film, eta god mat og sist, men ikkje minst overnatta i kyrkja.

Søndagen et me frukost saman, og førebur oss til gudstenesta me skal delta i.

Du kan sjølvsagt vera med på LysVaken utan å overnatta i kyrkja.

Til LysVaken treng du å ta med deg:

Sovepose, liggjeunderlag, litt laurdagsodt, toalettsaker, pysjamas.

 

Attende