Tru:D 14 - Konfirmasjon?


I mars kvart år inviterer kyrkja til informasjonsmøte om det å vera konfirmant. 

På samlinga får kommande konfirmantar og føresette informasjon om konfirmantopplegget me kan tilby på Bømlo. 

Du kan vera konfirmant i kyrkja sjølv om du er usikker på om du trur på Gud. Du er velkomen uansett om du trur, tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du læra meir om deg sjølv og Gud. Me snakkar om livet - på godt og vondt. Du skal få læra meir om kvifor du vart døypt og kva det betyr. Du skal læra meir om den kristne trua og kva den har å seie for våre liv. Samstundes får du mange nye opplevingar. Konfirmasjonsåret er eit høve til å finne ut av kva du skal tru og meiner, og til å bli betre kjend med kyrkja og bedehusa, og til å finna din plass i kyrkjelyden. 

Som konfirmant i Bømlo får du innblikk i gudstenestelivet, vera med på miljøtiltak, bidra under den årlege fasteaksjonen og vera med på undervisningstimane som er anna kvar veke etter skuletid. Som konfirmant er du også med på den årlege konfirmantfestivalen på Langevåg Bygdatun der konfirmantar frå heile Sunnhordland er med på cup og "plug and play" aktivitetar.

Me gler oss til å verta meir kjent med akkurat deg!

Velkommen som konfirmant i kyrkjene på Bømlo

 

 

Attende