Tru:D 17 - Londontur


Kvar sommar inviterer me alle som er 17 år til å vera med på ein tur til London.

London er spennande og har mykje å by på. Turen vil innehalda byvandring, musikal, kyrkjebesøk, møte med det sosiale arbeidet i byen, besøk i den norske sjømannskyrkja, treff med norske utanlandsstudentar og sjølvsagt shopping.

Tidspunktet for turen er i midten/slutten av juni. Når det gjeld skulefråver; me samarbeider med dei vidaregåande skulane på Bømlo.

Me vil ha ei kveldssamling i løpet av våren for dei som melder seg på turen.

Trusopplæringa skal vera eit tilbod til alle, uavhengig av funksjonsevne. Økonomi skal heller ikkje vera ein ekskluderande faktor. Difor vert det lagt til rette for å kunna søkja støtte til turen. Kor stor del av kostnaden som vert gitt støtte til, blir vurdert for kvar enkelt søknad.

Velkommen til å vera med på tur til London!

 

Tilbake