Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Pilegrimstur 8. - 9. august


Set av laurdag 8. og søndag 9. august og bli med på pilegrimstur!
 
Motiva for pilegrimsferd har endra seg frå mellomalderen til i dag, og det å bli frisk frå sjukdom og botshandlingar er ikkje lenger sentrale motiv.
Dagens pilegrimar reiser gjerne for å kunne søkje andre verdiar enn det folk flest finn i ein travel kvardag. Dette gjeld både i åndeleg-, sosial- og kulturell samanheng. Pilegrimsreiser kan slik gi den reisande nye impulsar og opplevingar (Kystpilgrimsleia.no)
 
Laurdag
Turen startar med buss frå Bømlo laurdag morgon. Vel framme i Etne vert det ei kort samling i Stødle kyrkje. Segna seier at det var Erling Skakke som sett opp den eldste delen av kyrkja på 1100-talet. Etter samlinga i kyrkja tek me turen langs den gamle postvegen frå Etne til Skånevik. Frå Skånevik går turen vidare med båtar, skøyte/robåt osv., til Fjelberg gamle prestegard. Her vert det overnatting og middag.

Søndag
Me startar dagen med ei morgonsamling før frukost og avreise. Denne dagen går turen vidare med båt til Halsnøy kloster. Me får omvisning på klosteret og kan gå ei kulturløype som ligg rundt klosteret. På klosteret er det og kafé.
Etter opphaldet på Halsnøy set båtane kursen mot Moster. Her vert det ei samling i kyrkja, omvisning i kyrkjehistorisk senter og Steinrike Bømlo for dei som ynskjer det, middag som avslutning.

For dei som ikkje ynskjer å vera med på heile turen er det mogeleg å kople seg på underveis. T. d.  i Skånevik, Fjelberg, Halsnøy eller Moster. 

Pris:  1650,- kr. Dette inkluderer overnatting og omvisingar, middag laurdag, frukost og middag søndag, trasport til Etne og båt frå Skånevik til Moster via Fjelberg og Halsnøy. Detaljert program vert tilsendt etter påmelding. Det må vera min. 15 påmeldte for å arrangera turen.
Påmelding innan 1. juni til diakonimedarbeidar 
Sissel Fylkesnes Våge
Eller telefon: 53 42 32 85
 
Tilbake