Laurdag 11. april er det klart for Bømlo Gospel sin tribute konsert til Andraé Crouch - To God Be The Glory. Bremnes Kyrkje kl. 20.00
Andraé Crouch, The King of Gospel, har laga mykje god musikk gjennom eit langt liv. Han døydde i januar i år, 72 år gamal. Ei legende har tatt farvel, men musikken hans vil leva vidare. For mange har han gjennom mange tiår vore ei stor stjerne med songar som "Soon And Very Soon", "Take Me Back" , "It Won´t Be Long" og mange fleire.
Me i Bømlo Gospel vil laurdag 11.april laga ein hyllest til musikken til Andraé Crouch, og arrangerer ein konsert i Bremnes kyrkje. Her vil du både få høyra og delta i allsong på kjende og nyare songar frå hans store songsamling.
Terje Kleppe, musikar med lang røynsle innan gospelsjangeren, vil vera med i gjennomføringa av denne konserten. Han blir kapellmeister i bandet vårt, og skal også knytta konserten saman som konferansier.
Velkommen til "To God Be The Glory"!