Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Geir Lippestad i Moster Kyrkje


6. mars kl. 19.00 vert det føredrag i Moster Kyrkje med Geir Lippestad. Temaet er "Menneskesyn og menneskeverd i vår tid". Ikkje gå glipp av dette!

Fyrste fredag i mars kjem Geir Lippestad til Moster kyrkje . Han vil då halda foredrag om ”Menneskesyn og menneskeverd i vår tid.” Me trur at dette høgaktuelle tema skulle interessere mange og ynskjer velkommen til ein utfordrande og tankevekkande kveld i kyrkja. Foredragskvelden er eit samarbeid mellom Moster sokneråd og Folkeakademiet.

 

Foredraget ”Menneskesyn og menneskeverd i vår tid” tek opp det grunnleggjande spørsmålet om kor vidt det eksisterer eit ytterpunkt for toleransen. Finst det ei grense for kva me skal kunne godta i lys av menneskerettar og menneskeverd? Geir Lippestad spør kven som definerer kva eit menneske er verd og vil ta utgangspunkt i dei som er uynskte i samfunnet. Han drøftar spørsmål som vert reiste i kjølvatnet av at me lever i eit samfunn med utstrekt kategorisering av menneske som av ein eller anna grunn vert sett på som uynskte – psykisk utviklingshemma, romfolk, flyktningar som treng helsehjelp eller kriminelle personar. Kva gjer dette med dei – og med oss – både som enkeltmenneske og som samfunn? Korleis kan vi byggja haldningar som førebyggjer diskriminering og utstøyting? Desse spørsmåla vert drøfta i lys av dei grunnleggjande verdiane menneskerettar og menneskeverd.

 

Geir Lippestad er for dei fleste kjend som forsvarsadvokaten i 22.juli-saka. Han har dessutan brei erfaring frå feltet arbeidsrett som advokat i advokatfirma Lippestad AS. Det same gjeld eigedomsjus og som forsvarar. Han har stort engasjement innan mange livsområde og har styreverv i ulike organisasjonar – mellom anna Agenda (leiar), Kirkens familievernkontor og Sykehusklovnene (leiar). Han har blitt kåra til Årets namn, Årets kommunikator og Årets foredragshaldar i 2012. Han bur i Oslo saman med kona si og deira til saman sju born.

 

Me ynskjer velkommen til ein utfordrande og tankevekkande kveld i Moster kyrkje. Me viser elles til annonser i lokalavisene og til www.bomlo.kyrkja.no

Billettar: 250,- i døra.

 

eaa

Tilbake