Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Salmefest


Velkommen til salmefest i Bremnes kyrkje

Salmefest med Bremnes kantori

i Bremnes kyrkje søndag 15.april kl.19.30

Gjennom ei årrekkje har Bremnes kantori arrangert eigen konsert ved påsketider. For koret har dette alltid vore noko å strekkje seg etter og vekse på. Blant dei mange høgdepunkta å sjå tilbake på, kan nemnast «Messias» av Händel (to gonger), kantater av Bach, messer og messesatsar av Vivaldi, Mozart, Haydn, Rheinberger, Dvorak med fleire. Songsyklusar av Sandell/Tveit og Skeie/Tveit har også vore framførte for eit stort publikum. Ofte har profesjonelle solistar og musikarar samarbeidd med koret og lyfta framføringa. Gode tilbakemeldingar frå mange hald har gjeve inspirasjon til vidare innsats.

 

No er tida komen for den siste konserten under Jostein Molde si leiing. Denne gongen skal alt dreie seg om sjølve grunntonen i den lutherske kyrkjesongen, nemleg den uuttømelege  salmeskatten som har vore til trøyst og styrke gjennom skiftande tider. Det er ikkje lett å gjere eit representativt utval, men her skal det bli plass til både «Sions vekter hever røsten» i kantate- arrangement av Bach og «O Jesus, åpne du mitt øye» i vakkert a capella- arrangement. Den nyaste salmen er frå 2018, laga av koret sin dirigent gjennom nær 30 år.

 

Oda Trøen Habbestad vil spele fiolin saman med kantoriet i tre kantatesatsar av Bach. I tillegg vil ho ha solistinnslag mellom koravdelingane. Oda har studert musikk både i Noreg og utanlands i mange år, og er ein høgt kvalifisert fiolinist, med spesialisering i barokkmusikk. 

 

Velkomen til salmefest!

 

Tilbake