Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Spennande temakveldar i Moster Kyrkje


Det vert fleire spennande temakveldar i Moster Kyrkje utover våren, så følg med!

Mange har etter kvart vore med på temakveldar og bibeltimar i Moster kyrkje dei siste åra. Det har vore både interessant og lærerikt å samlast slik. Tilbakemeldingane er positive, og det er ynskje om fleire samlingar. Temakveldane denne våren vil ta opp særleg spennande emne.
 
Me har vore heldige å få med oss sjukehusprest Valborg Sinnes igjen. Fyrste torsdagen i februar skal ho snakka om Gud og gudsbilete – korleis forestillingane og bileta vi har av Gud blir til. Det er noko ho er oppteken av og har arbeidd med,  og det vert ein kveld til ettertanke. 
 
Geir Lippestad kjem så til Moster kyrkje fyrste fredag i mars for å snakka om  ”Menneskesyn og menneskeverd i vår tid”. Dette er eit høgaktuelt tema. Lippestad vil ta utgangspunkt i grunnleggjande menneskerettar og menneskeverd, og det vert nok ein kveld utanom det vanlege. Kva skjer med menneskesyn og menneskeverd når me lever i eit samfunn som kategoriserer menneske slik at nokre vert sett på som uynskte? Kva gjer dette med dei - og gjer det med oss? Me vonar at verkeleg mange vil koma til kyrkja denne kvelden. Geir Lippestad skulle vera god kjend frå media både som advokat og som foredragshaldar. 
 
Dei ulike kveldane vil verta annonsert på ulike måtar m.a. i Bømlo-nytt og her på heimesida. Me vonar at mange vil finna vegen til Moster kyrkje desse kveldane. 
 
Tilbake