Søndag 11. januar kjem Stord Ungdomskor og held ein liten konsert i Bremnes Kyrkje. Dette skjer rett etter "Løp for livet"-arrangementet i Kulturhuset.
Stord Ungdomskor vart starta av Reidun Hagenes i 1980. Ho var dirigent fram til 2005. Under hennar entusiastiske og målmedvitne leiing, etablerte koret seg som eit av dei beste barne- og ungdomskora i Noreg. Det deltok i mange konkurransar og fekk fleire høgthengjande nasjonale og internasjonale prisar. Dei seinare åra har Liv Kari Bru og Tone Heide delt dirigentansvaret, medan Ingjerd K. Kolstad har teke seg av vokaltrening, klangarbeid og oppfølging av solistar. Også under deira leiing har koret vunne fleire prisar, seinast gulldiplom og sølvdiplom i Berlin i 2013, i konkurranse med kor frå heile verda.
Repertoaret til ungdomskoret er det same no som det alltid har vore - ei blanding av ulike stilartar og sjangrar som høver i alle samanhengar. Målet er å vera eit kor med relativt høg musikalsk målsetjing og eit godt sosialt miljø, kort sagt å framstå som eit musikalsk veksthus for unge jenter som likar å syngja.
I Bremnes kyrkje søndag vil Stord Ungdomskor framføra utdrag av eit flott juleprogram, som dei har tradisjon for å ha litle julaftan i Stord kyrkje. Her blir det velklingande utgåver av både kjende og mindre kjende songar.
Konserten varer i underkant av ein time og startar rett etter «Løp for livet»-arrangementet i kulturhuset.
Billettar ved inngangen: Kr.150 for vaksne og kr.100 for born/unge under 19 år.
