Kvar torsdag mellom 12.30 og 14.00 er du velkommen til å "svinge innom" Rasteplassen på Sams Senter.
Av og til kan ein føle at livet går litt for fort og at ein rett og slett bere treng å bremse opp litt. Tida bere fyk av garde, og stress, mas og jag er den følelsen ein sit att med. Reklamen skriker «Vær sånn», «Gjer sånn», «Bli sånn». Av og til kan det rett og slett bere vera greitt å «blinke seg inn» til ein rasteplass for å få pusten tilbake. Kvar torsdag sit diakonmedarbeidaren frå kyrkja i entreen på Sams Senter for å ta imot deg som ynskjer å bremse opp, roe ned, ta ein uformell prat om laust og fast, eller rett og slett prate litt i djupa om livet. Velkommen til kaffi og prat torsdagar mellom kl. 12.30 og 14.00