Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Gospel konsert i Bremnes Kyrkje


Søndag 26. oktober kl. 18.00 vert det god gospelstemning i Bremnes Kyrkje.

Russ Taff (født 1953) er på turné i Norge. Han har vært her fleire gonger. Denne gongen har han med seg ein pianist, og dei to vil gi oss ein kveld med mykje god gospelsong og musikk. 
Russ Taff har sunge i gruppa The Imperials og i Gaither Vocal Band. Han har også hatt ei lang solokariere. I denne tida har han oppnådd 14 Grammynominasjonar som solosonger og i gruppene han har vært medlem av. I 1998 blei The Imperials innlemma i GMAs Gospel Music Hall of Fame, der Russ Taff var ein av medlemmene.
Russ Taff voks opp i ein pastorfamilie. Han viste tidlig stor interesse for moras gospelplatesamling. I si lange karriere har han vert innom ulike musikksjangrar. Likevel, har han aldri gløymt sine røter og budskapet i gospelmusikken. Dette er han opptatt av å formidle. 
Russ Taff er ein særegen og «røff» songar som blir lagt merke til. Det finnes bare ein Russ Taff.

Nyoppstarta Bømlo Gospel blir også med å deltek på konserten.

Sjå også hendinga på facebook 

 
Tilbake