Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Overnatting og øving med JOY i Bømlo kyrkje


19. til 20. september hadde tweens-koret Joy overnatting og øvingsdagar i Bømlo kyrkje.

Fredag 19. september til laurdag 20. september hadde tweens-koret Joy overnatting og øvingsdagar i Bømlo kyrkje. Det var til saman 19 ungdomar og 2 vaksne. Allereie ein time før oppstart sto det ivrige ungdommar med madrassar, hovudputer og kosebamsar utanfor kyrkjedøra og trippa spent. ”Får me kapra den beste overnattingsstaden i år?”
 
Fredagskvelden starta med øving, der dirigenten snakka om forventningar for øvingsdagane og kva Joy skal ha fokus på. ”Det er viktig at me her tenkjer på korleis me ser ut når me skal syngja til andre. Tenk over kva de syng om og smil når det passar!” Dette er mykje vanskelegare enn det ser ut til… Ei øvingshelg gjev koret moglegheit for å kjøra gjennom dei fleste songane som skal nyttast dette semesteret og slik vert det mykje enklare å få eit større repertoar på kort tid. 
 
Etter ein god time kom det pizza levert på kyrkjetrappa. Humøret og energinivået steig opp i det romslege taket.
 
Etter pizza og pause vart det gjennomkjøring og øving på 4 av 9 songar. Så vart det (endeleg) litt fritid, der alle laga til sin overnattingsplass, fann fram koseklede og venta spent på at kveldens film skulle bli sett på. Dette er tradisjon på Joy sin overnattingskveld, og det er alltid knytt stor spenning til kva film dirigenten har funne fram. Det er ikkje lett å tilfredsstilla ulike krav om romantikk, spenning, komedie, ikkje teiknefilm eller jo: teiknefilm! Men ”Sister Act 2”, som handlar om ungdommar, musikk, det å ta val i livet, påverknad frå andre og ikkje minst sprudlande gospel med Whoopi Goldberg i leiinga, vart ganske godt mottatt. Undervegs i filmen kosa me oss med chips, saft og snop og med god lyd og stort lerret på veggen vert det nesten som å vera på kino. (Då nemner eg ikkje sjølve sitjeplassen, som godt kunne vore ein tanke mjukare.)
 

Det er kanskje svært utradisjonelt og uvanleg å overnatta og sjå film i kyrkja vår, og mange er kanskje både skeptiske og negative til at ein kan nytta kyrkja på ein slik måte. Men underteikna er viss på at Han det faktisk til sjuande og sist handlar om i kyrkja, gledar seg over at 19 barn og unge kosar seg i Hans hus og kan vera der på sin måte med alt det det fører med seg av støy, latter, utforskartrong og hoiande glede. 
 
Natta vart kort og frukosten kom brått. Med hjelpsame barn vart det fort unnagjort, og me kunne starta ei ny øvingsøkt. Det vart gjennomkøyring av 5 nye songar, med små pausar inn i mellom.  For ein uthaldande og kjekk gjeng!
 
Me avslutta laurdagen med å sjå på uredigert film som var tatt opp av diverse unge Joy- medlem i laupet av gårsdagen, natta og dagen i dag. Mykje latter og glede prega heile helga. Då dei 2 vaksne til slutt kunne låsa seg ut av kyrkja, var det med eit smil om munnen og med ei velsigning frå Han som gjev lyst til å driva med barne- og ungdomsarbeid. For ein flott gjeng  som er med i Joy!
 
 
For Joy
Hanne Synnøve Tislavoll
 
Tilbake