«Å koma seg vidare frå vonde dagar og vonde minne» var tema då Bjarte Stubhaug besøkte temakvelden i Lykling kyrkje 23. april.
Bjarte Stubhaug er oppvaksen på Fitjar og er spesialist i psykiatri. Han har hatt legestillingar på Valen, Stord, Haugesund og Haukeland i Bergen. Han har vore laier i psykiatrisk foreining og medlem i ulike helseutval. Sidan 2008 har han avtalepraksis i psykiatri ved Frihamnsenteret i Skånevik. Doktorgraden hans har tittel «Kronisk utmattingssyndrom: helseplager, behandling og prognose».
Stubhaug starta temakvelden med å seie at dersom folk gjekk heim frå kvelden og tenke «Dette har eg høyrt før…» så hadde han oppnådd målet sitt. Stubhaug snakka mykje om at det alltid er noko positivt ein kan rett fokuset på, og at ein etter nederlag må sjå på dei små positive tinga i kvardagen og ikkje forvente for mykje. Det at ein berre kjem seg ut av senga og klarar å komme seg på jobb kan vera svært positivt dersom ein er oppi ei krise. Mykje av det som Stubhaug snakka om var nok ting som folk hadde høyrt før, men samstundes er det svært godt å bli minna på desse tinga. Ein ser ikkje alltid ting så lett sjølv, sjølv om ein kanskje innerst inne veit kva som må gjerast for å komme seg opp til overflata igjen.
Arvid Sigmund Steinsvåg bidrog også med flott song og gitarspel denne kvelden.