Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Spennande føredrag og konsert i Moster kyrkje


"Har Jesus verkeleg sagt---? Er det ikkje litt naivt å leve bekymringsfritt?".

"Har Jesus verkeleg sagt---? Er det ikkje litt naivt å leve bekymringsfritt?".

 

Siste torsdag i februar var det ein spennande og variert temakveld i Moster kyrkje. Det var foredrag ved Ingvard Wilhelmsen, professor ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri.

Han har, av alle ting, hypokonderi som spesialfelt og har siden 1995 drive Hypokonderklinikken ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen. Klinikken er, så langt me kjenner til den einaste i sitt slag her til lands.

Denne kvelden snakka han om temaet "Har Jesus verkeleg sagt---? Er det ikkje litt naivt å leve bekymringsfritt?".

Ingvard Wilhelmsen er mykje brukt som foredragsholder både i faglege fora og elles. Han har også skrive fleire populære bøker t.d. "Livet er et usikkert prosjekt", "Sjef i eget liv" ”Kongen anbefaler” og "Det er ikke meir synd på deg enn andre". På ein underfundig og god måte evnar han å setja ord på viktige sanningar og livsvisdom.

Med seg til Moster hadde han kona si,  Rhoda Ondeng Wilhelmsen. Ho er profesjonell songar utdanna i Kenya, USA og Norge. Ho har gitt mange konsertar både i inn- og utland og bl.a. song hun i Oslo Rådhus under utdelinga av Nobels Fredspris i 2004. Ho har gjennom åra teke del i mange større konsertar og motteke fleire prisar og utmerkingar. Dessutan har ho delteke i fleire program i radio og TV. Ho song denne kvelden ein del songar med tonefylgje av vår gode kantor Øystein Skullerud.  

Dette var ein kveld verdt å få med seg!  

Tilbake