Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Hardrock konsert i Bremnes Kyrkje


9. november var det duka for rockekonsert i Bremnes kyrkje. Då kom rockebandet Sarepta frå Karmøy på besøk.

Konserten vart arrangert i tilknyting til at det er ungdomsår i Bjørgvin bispedøme i år, og konserten var open for ungdom i alle aldrar.

Sarepta var på plass på Bømlo allereie kl. 15.00 laurdag ettermiddag for å rigge utstyr, varme opp til kvelden og gjennomføre lydsjekk. Så kl. 20.00 var dei fem gutane i bandet klar for å lyfte kyrkjetaket.

Kyrkjelydspedagog Trygve Leigland hadde velkomst og opning før konserten der han blant anna snakka om at rock også kan være med på å lovprise Gud. Han reklamerte også for arbeidet som vert gjort av organisasjonen Sarepta i Bremnes KyrkjeSkjærgårds som kvar sommar arrangerer ein stor kristen musikkfestival for ungdom. Han nemnde også at Skjærgård LIVE driv med lokalarbeid rundt om i Noreg, og at ein i framtida ynskjer å få til fleire ungdomskonsertar lokalt på Bømlo eller i Sunnhordland. Mest truleg vert det ny konsert allereie i midten av januar. Då med gruppa Humming People.

Klokka var rundt 20.15 då Sarepta entra scena. Gutane leverte allereie frå staten av, og dei innfridde fort Leigland sine ord om at dette kom til å bli den mest høglytte konserten i Bremnes kyrkje dette året. Dei fleste av songane dei spelte under konserten var henta frå albumet deira, Smokin' Vineyard. Men dei spela også den nye singelen Still Awake, Are You Ready av Thin Lizzy og Rock'n Roll av Led Zeppelins. Lead gitarist og songskrivar Kristoffer Davidsen II leverte fleire fantastisk gitarsoloar og tok tideleg turen ned kor-trappa for å få gitarsoloen så tett på dei frammøtte som mogeleg. Vokalisten, med den fantastiske songstemma, Mats Pedersen hadde fleire flotte vitnesbyrd innimellom songane der han fortalte kva som var formålet med bandet, og kor mykje trua deira på Jesus betyr, og har betydd, for medlemmene i bandet. Heilt bak ved alterringen fekk trommis Jango Nilsen, som forresten også har spela fast for artistar som Lene Marlin, Elisabeth Andreasson og Sigvart Dagsland, fleire gongar hjelp frå konfirmantar til å telje opp til samkjøyring av bandmedlemmene når nye songar skulle setjast igong. Under siste song beordra vokalist Mats Pedersen alle opp å stå og han tok sjølv truen ned i kyrkjeskipet.

Sarepta har tidlegare spelt mange konsertar i kyrkjer rundt om kring i Noreg men etter opplysningar frå ein av bandmeldemmene var dette fyrste gong dei spela i ei tradisjonell langkyrkje.

Sarepta på GiljeSarepta i kyrkjaDet var ein flott og annleis konsertoppleving i Bremens kyrkje denne laurdag kvelden. Etterpå vart store deler av bandet med til Gilje Bedehus der dei vart intervjua, og der dei framførte sin coverversjon av Julie Millers sin song All my tears.

Tilbake