Bømlo gamle kyrkje


Byggeår:  1621 
Stad:  Vorland, Søra Bømlo 
Sitjeplassar:  150

Verd å sjå: Altertavle måla av Johan Holme 1885, preikestol frå 1885.Den aller første kyrkja på søre Bømlo har truleg stått i Eidesmarkjo. Segna fortel at tømmeret som skulle brukast til å vøla denne kyrkja, vart flytta til Vorland av overnaturlege krefter ei natt. Difor vart det bestemt at kyrkja skulle byggjast der.

Sidan mellomaldaren har Bømlo kyrkje stått på Vorland, og denne kyrkja er nemnd første gong i 1360. Kyrkja vart riven i 1620, og ei ny bygd i 1621. Kyrkja er seinare vølt og påbygd fleire gonger, seinast i 1951.

Tilbake