Tru:D Dåp


Til lukke med barnet. Kyrkjelydane i Bømlo vil ynskja dykk til lukke med barnet de har fått, og velkomne til dåp! Vil du vete meir om kyrkja sitt syn på dåpen, kan du gå til Den Norske Kyrkja si side om dåpen.

Gåve og oppgåve?
Ved å døypa borna gjev me borna del i ei stor og viktig gåve. Samstundes tek me på oss ei oppgåve. Foreldre, fadrar, og kyrkjelyd lovar saman å gje borna ei kristen oppseding. Det tyder at døypte born har rett til opplæring i kristen tru!

Fadrar
Når de vel fadrar, tenk då på kva som er fadrane si viktigaste oppgåve, kva dei er med og lovar. Dei skal vera med å be for barnet og hjelpa til at barnet kan få ei kristen oppseding.

Foreldre
Foreldra er sjølvsagt dei næraste til å gje barnet ei kristen opplæring. Lovnaden ein gjev, er ikkje først og fremst til presten, men til barnet og til Gud.

Fram til dåpen skal de gå fram slik: 
- Fyll ut elektronisk skjemaet på nettsida og send inn.
- Det mest vanlege er å døypa i den kyrkja ein soknar til, men ein har høve til å velja ei anna kyrkje om det er ynskjeleg.
- På skjemaet skal de føra på personnummer og namn på barnet og foreldra.
- Det må også finnast 2-6  fadrar.

Ta kontakt med Sissel S. Gåsland på kyrkjekontoret om du lurar på noko. Telefon 459 77 347

Dåpsamtale/møte
De vert kontakta i veka før dåpen med invitasjon til dåpssamtale i kyrkja. Det vert ofte skipa til eit dåpsmøte med fleire dåpsbarn og foreldre i kyrkja der ein går gjennom dåpsliturgien, snakkar litt om dåpen si gåve og oppgåve, og om det praktiske rundt dåpshandlinga i kyrkja. Det er oftast torsdagen eller fredagen i same veka som dåpen skal vera.

 

Tilbake