Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Tru:D 14 - Konfirmantinnskriving


I mars kvart år inviterer kyrkja til informasjonsmøte om det å vera konfirmant. I år vart dette ikkje gjennomført, men alle potensielle konfirmantar skal ha fått informasjon i posten.

Under innskrivingsmøte får kommande konfirmantar og føresette informasjon om konfirmantopplegget me kan tilby på Bømlo. 

Du kan vera konfirmant i kyrkja sjølv om du er usikker på om du trur på Gud. Du er velkomen uansett om du trur, tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du læra meir om deg sjølv og Gud. Me snakkar om livet - på godt og vondt. Du skal få læra meir om kvifor du vart døypt og kva det betyr. Du skal læra meir om den kristne trua og kva den har å seie for våre liv. Samstundes får du mange nye opplevingar. Konfirmasjonsåret er eit høve til å finne ut av kva du skal tru og meine, og til å bli betre kjend med kyrkja og bedehusa, og rett og slett finna din plass i kyrkjelyden. 

Som konfirmant i Bømlo får du vera med på konfirmanttur med seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Du får innblikk i gudstenestelivet, vera med på miljøtiltak, bidra under den årlege fasteaksjonen og sjølvsagt følgje undervisningstimane som er anna kvar veke etter skuletid. Som konfirmant skal du også vera med på den årlege konfirmantfestivalen på Langevåg Bygdatun der konfirmantar frå heile Sunnhordland er med på cup og "plug and play" aktivitetar.

Grunna korona vert det ikkje noko informasjonsmøte for konfirmantar 2022. Denne informasjonen er sendt per post. 

Tilbake