Tru:D - Babysong


Babysong er eit av tilboda i trusopplæringa frå kyrkjene på Bømlo. Det er babysong i Bremnes Kyrkje, Lykling Kyrkje og bedehuset Salem på Moster. Det er babysong ca annankvar veke. 

På babysong samlast mødre og fedre med barnet sitt som er mellom 0 og 1 år. Kyrkja eller bedehuset opnar ein halv time før songstunda begynnar. Songstunda varer ca 30 min, og den inneheld blant anna namnesong, kristne songar, rim og regler og dans. Me varierer mellom å sitja og liggja på golvet og å stå og dansa i ring. Songstunda er eit godt høve for foreldre til å få kontakt med babyen. Me brukar tida før og etter til prat.


 

 

Attende