Bremnes Kantori


Koret har øving kvar måndag kl. 19:45 - 22:00 i Bremnes kyrkje.

 

 

Bremnes Kantori vart stifta ein vinterdag i 1989. I 2014 markerte koret 25-årsjubileet med konsertar og andre arrangement. Dei første 30 åra var kantor Jostein Molde dirigent for koret. Frå 2019 er det hans etterfylgjar som kantor i Bremnes kyrkje, Øystein Lund Olafsen, som har det musikalske ansvaret. Medlemstalet har vore relativt høgt heile tida; koret tel no ca 40 songarar frå 25 til 75 år. 

Gudstenestelivet i Bremnes sokn har alltid stått øvst på prioriteringslista til koret, og gjennom åra har dette ført til auka vitalitet og djupare forståing for songen sin plass i kyrkjelyden si hovudsamling. I tillegg har koret alltid hatt andre utfordrande oppgåver å arbeide fram imot. Mange større kyrkjemusikalske verk er framførte i samarbeid med solistar og musikarar. Dette har gjeve koristar og tilhøyrarar mange gode opplevingar, og utvida den musikalske horisonten. Ikkje reint sjeldan tek koret del i ulike andre arrangement i nærmiljøet. Repertoaret spenner vidt, men har sin basis i kyrkjemusikken.

Nye songarar er svært velkomne, sjølv om medlemsmassen er stabil. Utfordringa går først og fremst til yngre vaksne. Korerfaring er ein fordel, men ikkje noko vilkår. Beste tida å kome inn er ved oppstart etter sommarferien eller ved nyttår, men det er råd å melde seg til dirigenten når som helst. Koret har dei siste åra også opna for å melde seg på til større prosjekt, utan å binde seg som medlem.

I tillegg til sine eigne konsertar og deltaking på diverse kulturarrangement, medverkar koret som forsongarar ved gudstenester i Bremnes kyrkje i større og mindre grupper.

Ønskjer du å syngja i koret, kontakt musikalsk leiar, Øystein Lund Olafsen på e-post: olo@bomlo.kommune.no eller mobil: 90057294

Her er lenke til koret si facebookside

Attende