Bømlo Gospel


Koret har øving kvar måndag kl. 17:30 - 19:30 i Bremnes kyrkje

 

Bømlo Gospel vart starta opp hausten 2014, har 70 gospelglade bømlingar på medlemslista, og øver kvar veke i Bremnes kyrkje.

Koret sin dirigent dei første fem åra var initiativtakar Laila Hansen Røksund. Etter eit samarbeidsprosjekt med Øystein Lund Olafsen i 2018 vart han som ny kantor også ny musikalsk leiar i koret frå 2019. 

Kvart år har dei sin tradisjonsrike romjulskonsert og påskemesse. I løpet av året knyter dei óg til seg kristne artistar og samarbeider om ulike arrangement.

Føremålet til koret er å skapa musikalsk glede for både medlemer og tilhøyrarar, og koret ønskjer å formidla den kristne bodskapen gjennom song og musikk.

Ønskjer du å syngja i koret har me inntak i august og januar. Kontakt musikalsk leiar, Øystein Lund Olafsen på e-post: olo@bomlo.kommune.no eller mobil: 90057294

Koret har øving kvar måndag kl. 17.30 til 19.30 i Bremnes kyrkje

Her er lenke til koret si facebookside

Attende