Bømlo kyrkjekor


Me held til i Bømlo kyrkje på Langevåg, der me øver i «litlesalen» tysdagar frå kl 18:30 – 20:30.

 

Bømlo kyrkjekor vart starta opp hausten 1998. Frå hausten 2011 har koret vore leia av kantor Øystein Skullerud. Ved årsskiftet 2014/15 hadde koret 12 medlemar, og me tek gjerne imot fleire. Viss du er interessert i å bli med, så ta kontakt med dirigenten: Øystein Skullerud, 97 78 07 93.

Me held til i Bømlo kyrkje på Langevåg, der me øver i «litlesalen» tysdagar frå kl 18:30 – 20:30.

Repertoaret er breitt: klassisk musikk, folkemusikk, bedehusmusikk, spirituals/gospel m.m. Koret sin viktigaste oppgåve er å styrkje songen i kyrkjelyden. Det gjer me ved å ta del i gudstenestene, særleg på dei store høgtidsdagane, og ved å arrangere songkveldar og konsertar, gjerne saman med Moster kyrkjekor. Me syng også på Bømlo omsorgstun ein gong i semesteret.

Attende