Moster kyrkjekor


Moster kyrkje annankvar onsdag kveld kl 18:30 – 21.

 

Moster kyrkjekor vart starta opp hausten 1999, til Moster kyrkjes 125-årsjubileum, av dåverande kantor Eli Johanne Rønnekleiv. Frå hausten 2011 har koret vore leia av kantor Øystein Skullerud. Ved årsskiftet 2014/15 hadde koret 17 medlemar, og me tek gjerne imot fleire. Viss du er interessert i å bli med, så ta kontakt med dirigenten: Øystein Skullerud, 97 78 07 93.

Me held til i Moster kyrkje, der me øver om lag annankvar onsdag kveld. Frå og med hausten 2015 vert øvingstidspunktet kl 18:30 – 21.

Repertoaret er breitt: klassisk musikk, folkemusikk, bedehusmusikk, spirituals/gospel m.m. Koret sin viktigaste oppgåve er å styrkje songen i kyrkjelyden. Det gjer me ved å ta del i gudstenestene som forsongarar, anten i grupper eller som fullt kor, og ved å arrangere songkveldar og konsertar, gjerne saman med Bømlo kyrkjekor. Me syng også på Moster alderspensjonat ein gong i semesteret.

Attende