Det blir framleis gudstenester på nett.
På grunn av smittesituasjonen og etter gjeldande retningsliner vil framleis gudstenester i kyrkjene på Bømlo vera digitale. Det er no opna litt meir opp for arbeid blant born og ungdom. Dette medfører at blant anna konfirmantarbeidet kjem i gong att.
Gravferder kan gjennomførast med inntil 50 deltakarar.
Til vanleg når ein skal melde inn dåp vil ein finne fleire datoar i dei ulike kyrkjene du kan velje mellom, men i den spesielle tida me er inne i, med korona og strenge restriksjonar for kor mange som kan delta på gudsteneste, har me måtta gjort nokre endringar, og gjer stadig endringar.
I februar vil de kun finne 21. februar kl. 11.00 i Bremnes kyrkje som alternativ til dåpsgudsteneste. Me vil då setje opp mange små seremoniar for eitt og eitt dåpsbarn som varer i ca. 30 minutt, og det er lov å ha med seg ti personar i dåpsfølgjet på dåpsgudstenesta.
Dei som melder inn dåp framover på våren og sommaren må vere førebudd på at det kan kome endringar. Koronarestriksjonane endrar seg frå veke til veke og det kan dessverre føre til at de som skal ha dåp får endringar tett på dåpsdagen. Ny koronareglar kan føre til avlyste gudstenester og flytting av dato, klokkeslett og plassering for gudstenesta. Me tek sjølvsagt kontakt så fort me veit om endringar, og håpar de har forståing for at me ikkje kan seie noko sikkert i desse dagar.
Har de spørsmål er det berre å ta kontakt på telefonnummer 53 42 32 95 eller mailadresse camilla.rubach@bomlo.kommune.no