Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Bli med på samlivskurs


På SAMLIVSKURSET er det både humor og alvor. Det vil handle om kjærleik, forventningar, glede og vennskap, men aller mest om kommunikasjon.

Er du gift/sambuar, nygift eller har mange år i lag? I mars arrangerer me eit PREP – basert kommunikasjonskurs for par. PREP programmet sitt utgangspunkt er at «det nytter å arbeide for gode samliv». I eit forhold er det alltid rom for utvikling. Kurset handlar om å ta vare på forholdet.

Kurset er laga for å kunna gje par eit verktøy til å betra kommunikasjonen i forholdet, læra å kjenna att kva slags konfliktar som kan gjera skade, og ikkje minst setja søkjelys på kva som kan styrkja parforholdet.

PRIS pr. par:

Kursavgift (inkl. materiell og mat): 500,- kr.

 

SAMLIVSKURSET er ingen terapeutisk tilnærming til samliv, eller deling av privatlivet. Det er eit pedagogisk opplegg, med korte foredrag og oppgåver for kvart par enkeltvis. Kurset er livssynsnøytralt.

 

TID

  Fredag 16. mars kl. 18.00- 21.00

  Laurdag 17. mars kl. 10.00-16.00 

  Søndag 18. mars kl. 10.00-16.00

 

STAD

Kantina til Los Elektro

 

KURSHALDARAR

Ingeborg Ørjasæter, , Asbjørn Gundersen og Sissel F. Våge. Kurshaldarane er sertifisert for å halda  PREP kurs.

 

Kontakt kyrkjekontoret for meir informasjon og påmelding:

Tlf. 53 42 32 85 /53 42 32 80.

E-post: sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no/ abf@bomlo.kommune.no

Påmelding innan 5. mars.

 

 

 

 

Tilbake