Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Vigsling av gravplassen på Lykling


Søndag 30. mai kl. 13.30 vert det vigsling av det nye opparbeida området på Lykling kyrkjegrad.

Det er ei tid sidan påfylling av felt D, og opparbeiding av minnelundar på Lykling kyrkjegard var ferdigstilt. Grunna korona og andre oppgåver har det difor ikkje blitt gjennomført vigsling av dette nye opparbeida området på kyrkjegarden. Dette ynskjer ein no å få på plass. Vigslinga vil bli gjennomført av prost Svein Arne Theodorsen søndag 30. mai kl. 13.30
Det vert kyrkjekaffi på kyrkjebakken etter vigslinga.
Alle er velkommen til å ta del. 

Tilbake