Ynskjer du å jobbe med barn og unge?


Me har ledig vikariat frå 1.1.2022 til 31.12.2022

 
  • Ååååå!! Dette var kjekt! Kan me ha Tårnagenthelg neste helg også?
  • Når kan me ta fram soveposane og smågodtet? Det skal bli gøy å overnatte i kyrkja!
  • Kan me få lov å gå opp på preikestolen å sjå også? Yes!
  • Det er eigentleg ganske gøy å vera konfirmant faktisk!

Dette er kommentarar du kan komme til å høyre i stillinga som kyrkjelydspedagog i kyrkjene på Bømlo.

 

I dei fire kyrkjelydane i Bømlo er det ledig 80% - 100% vikariat som kyrkjelydspedagog frå 1.1.2022 eller etter avtale.

Vikariatet varar fram til 31.12.2022

Som tilsett i Bømlo kyrkjeleg fellesråd får du: 

  • Interessante utfordringar
  • Utgjere ein forskjell for barn og unge i møte med kyrkja
  • Høve til fagleg og personleg utvikling gjennom samspel med dei andre tilsette og gjennom kurstilbod.
  • Du blir ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø fylt med oppmuntring, glede og humor.
  • Høg grad av fleksibilitet både når det gjeld di eiga arbeidstid og din arbeidsoppgåver
  • Tariffløn og god pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre trusopplæringstiltak for barn og unge i aldersgruppa 0-18 år.
  • Delar av dette er administrasjon, planlegging og gjennomføring av konfirmantarbeidet.

Kvalifikasjonar:

  • 3 årig høgskuleutdanning innanfor faga kristendom, pedagogikk, trus- og livssynskunnskap
  • Andre med anna relevant utdanning/bakgrunn vil bli vurdert.

Eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge
  • Erfaring og interesse for barne- og ungdomsarbeid
  • Evne til å motivere, inspirere og koordinere frivillige medarbeidarar
  • Personlege eigenskapar, gode samarbeidsevner og fleksibilitet blir vektlagt
  • Gode dataferdigheiter

Politiattest og medlemskap i Den norske kyrkja er ein føresetnad.

Søkjar må disponera eigen bil.

For spørsmål ang. stillinga kontakt kyrkjeverje Trygve Leigland på 53 42 32 93,
eller kyrkjelydspedagog Laila H. Røksund på 53 42 32 89

Søknadsfrist 30. november
Søkand registrerast på finn.no

Attende