Øklands kjem til Bømlo kyrkje og held julekonsert.
Velkommen til julekonsert i Bømlo kyrkje fredag 8. desember kl. 19.00
For sjette året på rad inviterer Øklands til julekonsertar, første gong på Bømlo.
Øklands har også i år satt saman eit stemningsfullt repertoar, med vekt på gode norske songar knytta til julehøgtida.
Dei er særs opptekne av formidling og god kontakt med publikum.
Deira familiære kontakt og samhold merkast frå scenen, og dette gjer framføringa deira ein ekstra dimensjon.
Denne kvelden vert Øklands forsterka med Karl-Dag Kjosavik på bass.
"En nær og ekte konsert, og takk for alt dere formidlet.
Det ble en kveld som talte til hjerte både gjennom musikk, sang, ord, lys, pynt og bilder.
Den beste julekonserten jeg har vært på."
ØKLANDS er ei vise/pop-gruppe frå Randaberg i Rogaland som gjennom musikken formidlar ærlege og varme tankar om livet på godt og vondt.
I gruppa finn me søskena Aina Økland Schøld, Kjetil Økland og Merete Økland Espedal på vokal, og ektemenna Aril Schøld (akustisk gitar, perkusjon og div) og Tor Kjetil Espedal (piano). Kvar for seg har dei brei erfaring i musikklivet i Noreg, og saman blir dei ei sterk og homogen gruppe.
ØKLANDS har nære slektsband til Bømlo, og besøker hytta ved slektsgarden på Meling i kvar ferie.