Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Jula 2021


Det blir ei annleis julefeiring i kyrkjene våre også denne jula.

På grunn av dei nye restriksjonanen blir også denne jula annleis i kyrkjene våre på Bømlo. Det blir strøyma gudstenester frå Bremnes kyrkje i julehelga. Desse gudstenestene vil ikkje vera opne. Link for å sjå gudstenestene kjem på nettsida vår bomlo.kyrkja.no.

Frå 01.01.22 blir det opne gudstenester med påmelding på førehand på nettsida til kyrkja. I følgje dei nye reglane er det plass til 50 personar i kvar gudsteneste. 

Her er oversikt over gudstenestene framover:

19.12.21 4.søndag i advent

Bremnes kyrkje kl. 11.00 Strøyma andakt                                                                                                

24.12.21 Julafta

Bremnes kyrkje kl. 12.00 Strøyma gudsteneste                               

Julegudstenesta vert vist frå kl. 12.00 og mogleg å sjå ut dagen

 

25.12.21 1.juledag

Bremnes kyrkje kl. 11.00 Strøyma gudsteneste                                                           

Gudstenesta vert vist frå kl. 11.00 og mogleg å sjå ut dagen

 

26.12.21 2.juledag 

Bremnes kyrkje kl.11.00 Strøyma gudsteneste       

Gudstenesta vert vist frå kl. 11.00 og mogleg å sjå ut dagen

 

01.01.2022 Nyttårsdag 

Bømlo kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste

Påmelding til gudstenesta på bomlo.kyrkja.no

 

02.01.2022 Kristi openberringsdag 

Bremnes kyrkje kl. 10.30 Gudsteneste

Bremnes kyrkje kl. 12.00 Gudsteneste

Påmelding til gudstenestene på bomlo.kyrkja.no

 

09.01.2022 2.søndag i openberringstida

Lykling kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste                                                                            

Moster kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste                                                                            

Påmelding til gudstenestene på bomlo.kyrkja.no

Tilbake