Tidlause bibelhistorier for dei små
No i haust ønskjer kyrkjelydane å gje ”Barnebibelen for dei små” som gåve til alle 6-åringane. Dette er ein fin bibel med mange flotte bilete og forteljingar.
Alle 6-åringar som er medlem i kyrkja har fått invitasjon til gudstenesta i posten. Har du ikkje fått invitasjon, så er du med dette invitert!
Me ønskjer at 6-åringane blir registrerte når dei kjem til kyrkja. Då kan me lese opp namna når dei skal få Bibelen. Møt i god tid!
Velkommen til kyrkja!
Moster kyrkje: Søndag 10. september kl.11.00
Bremnes kyrkje: Søndag 17. september kl.11.00
Bømlo kyrkje: Søndag 17. september kl.11.00
I Lykling kyrkje har 6-åringane allereie vore på gudsteneste og fått barnebibelen.