Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Pilegrimstur Sarria - Santiago de Compostela


7.-15. oktober blir det pilegrimstur til Santiago de Compostela. Bli med!

Fekk du ikkje med deg pilegrimsturen til Santiago de Compostela i fjor haust? No har du ein ny sjanse! Planlegginga av tur i haust er godt i gong. Frist for påmelding er 31. juli 2017

Last ned brosjyre her

Dag 1 Reisedag Norge - Sarria
Fly frå Bergen til Santiago med mellomlanding i London og Madrid, og buss/taxi vidare til Sarria.  Me kjem fram seint på kvelden.

Dag 2  Sarria (420 m.o.h.) - Portomarín (350 m.o.h.)  22 km  
Ved landsbyen Ferreiros er det markert at du har 100 km igjen av vandringa mot Santiago de Compostela. Denne fyrste etappen går gjennom ei rekke små landsbyar i vakkert landskap til Portomarín.

Dag 3  Portomarín (350 m.o.h.) - Palas de Rei (565 m.o.h.)   24 km   
Landskapet er dominert av åkrar, elvar og skog. På dei mange gardane kan du sjå  typiske hórreos. Dei er bygde etter same prinsipp som våre stabbur.

Dag 4 Palas de Rei (565 m.o.h.) - Melide 15 km  
Det er stadig fleire hus og bilar, men pilegrimsvegen går for det meste gjennom jorde og skogholt.

Dag 5  Melide- Arzúa (389 m.o.h.) 15 km    
Frå  Arzúa går turen vidare igjennom landsbyane Calzada, Calle til Rúa som betyr veg. Det er ingen tvil om at du er på El camino, pilegrimsvegen. 

Dag 6  Arzúa (389 m.o.h.) – Rúa/Pedrouzo (275 m.o.h.)  19 km. Målet nærmar seg.  

Dag 7 Rúa /Pedrouzo  (275 m.o.h.) - Santiago de Compostela (260 m.o.h.)   20 km     4-5 timer
I dag går du igjennom Lavacolla kor pilegrimane vaska seg i elva for å vere reine når dei kom til apostelen Jakob sin by. Frå toppen av Monte del Gozo kan du endelig sjå spira på katedralen i Santiago de Compostela. Vegane inn mot byen er prega av trafikkårer og forretningsbygg, men så snart du er inne i byen leier skilta deg inn i smågatene og endelig til den sagnomsuste katedralen. Du har nådd målet! Compostele, beviset på at du har gjennomført pilegrimsvandringa, får du på pilegrimskontoret ved katedralen ved å leggja fram pilegrimspass med stempel som bevis på at du har gått minst 100 km.

Dag 8 Santiago de Compostela – London Bruk av dagen i London etter eige ynskje.

Dag 9 Reisedag London - Norge
 

Pris for turen: 15900kr. Inkludert i prisen: Reise tur/retur frå Bergen  til Sarria, hotell, frukost alle dagar, middag seks dagar, bagasjetransport og pilegrimspass.

Påmelding til sokneprest Roald Drønen eller diakoniarbeidar Sissel F. Våge innan 31.07.17 

Epost: Sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no roald.dronen@bomlo.kommune.no  eller telefon: 99325028/95076635

Tilbake