Det meste av musikken på konserten er komponert av den italienske komponisten Giovanni Gabrieli.
Laurdag 22. april får Bremnes kyrkje eit spennande besøk av 15 messingstudentar frå Universitetet i Stavanger, under leiing av tromboneprofessor P. K. Svensen.
Med seg har dei eit fint program med original messingmusikk frå 15- og 1600- talet.
Det meste av musikken er komponert av den italienske komponisten Giovanni Gabrieli. Han var organist og komponist i den kjende San Marco- katedralen i Venezia, og musikken hans er komponert spesielt til bruk i kyrkja der. Han var ein spesialist i å utnytte kyrkjerommet, ved å plassere musikarane rundt i rommet og spele mot kvarandre. Dette vart forløparen til den moderne stereoen og kvadrofonien. Under konserten i Bremnes kyrkje vil musikarane fordele seg på liknande måte som for 400 år sidan.
Musikken vert framført på moderne messinginstrument, men i ein stil som liknar den måten musikken vart framført på i Gabrieli si tid.
Konserten vil også by på ein del musikk komponert av Gabrieli sine elevar, Claudio Monteverdi og Michael Praetorius. Etter Gabrieli sin død vart Monteverdi hans etterfølgjar som organist og komponist i San Marco- katedralen.
Alt ligg til rette for ein spennande og annleis konsert i Bremnes kyrkje denne laurdagskvelden.
Lokal arrangør er Bremnes sokneråd, i samarbeid med Universitetet i Stavanger.