Har du ein 9-åring i hus? Dei to første dagane i sommarferien skal me ha Tru:D9+ Supersamling med mange kjekke aktivitetar for dei som nettopp er ferdige med 3. trinn i skulen.
Tru:D 9+ Supersamling er to dagar med variert program frå morgon til ettermiddag. Det vert samlingar i kyrkja, og tur i nærområdet, kan hende både ved sjø og land.
I Bibelen kan me lesa om fleire superheltar, og desse to dagane skal me bli kjende med nokre av dei.
Påmelding her på nettsida innan 12. juni: Påmelding Tru:D9+ Supersamling
Velkommen til Supersamling!