Pilegrimstur 6.-10. juli 2022


Har du lyst å bli med på pilegrimstur? Onsdag 6. juli - søndag 10. juli blir det pilegrimstur frå Moster.

 

6.-10. juli 2022 arrangerer me pilegrimstur. Turen går frå Moster vidare til Halsnøy, Skånevik, Etne og endar opp i Røldal.  På turen vil fridom, ein av dei sju kjenneteikna for pilegrim, vera tema. 

Vel framme i Røldal får me blant anna oppleva Røldalsspelet Den lange vegen. Dette spelet fortel Røldal si pilegrimshistorie gjennom spel og musikk. Forestillinga blir spelt utandørs ved Røldalsvatnet. 

 

Praktisk informasjon

Tid: Onsdag 6. – søndag 10. juli 2022

Arrangør: Kyrkjelydane på Bømlo.

Turleiarar: Sissel Fylkesnes Våge, Berit M. Andersen, Lauritz Haarr, Fridleif Lydersen, Birgitta Vedøy.

Plass: 25 deltakarar på langturen. Mogleg å bli med på dagsetappar undervegs. Alle velkomne!

Overnatting: Hotell/leirplass og campinghytter.

Ta med: Dagstursekk, termos, sitjeunderlag, høvelege klede og vanntette sko/fjellstøvlar til vandringane. Bagasjen elles vert transportert frå stad til stad.

Pris: 3450,- kr. Prisen dekkjer alle utgifter undervegs frå Moster t.o.m. Røldal.

Påmelding: Innan 23. juni 2022 til Sissel.Vage@bomlo.kommune.no
Eller telefon: 993 25 028 /53 42 32 85

Husk også eiga reiseforsikring.

Reisande frå Bergen som ynskjer å delta rekk utsendinga i Moster gamle kyrkje/amfi med hurtigbåt eller buss onsdag morgon. For forslag til reiserute ta kontakt med Regionalt pilegrimssenter i Bergen. Det vert sett opp skyss frå båtkai/ busshaldeplass til Moster etter behov.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om turen.

Program for pilegrimsturen finn du her: Pilegrimstur 2022

Velkommen til å bli med på pilegrimstur!

Attende