Kjenner du nokon som fyller 10 år i år? Då er dei hjarteleg velkomne til Tru:D 10 Jubileum for dåp i ei av kyrkjene våre!
Me vil invitera alle som er fødde i 2012 til ei samling i kyrkja. Det er 10 år sidan du vart fødd, og då er det kanskje også ca. 10 år sidan du vart døypt. I dåpen blei du eit Guds barn, og døypt inn i kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja.
Uansett kva tid du blei døypt, ønskjer me å markere det med ein bursdagsfest. og feiring i kyrkja.
På jubileumsfesten blir det ulike aktivitetar, bibelforteljing og me skal snakka om kva dåpen er.
Det er Jubileum for dåp desse datoane:
Tysdag 27. september kl. 16.30 Bømlo kyrkje
Tysdag 27. september kl. 16.30 Moster kyrkje
Onsdag 28. september kl. 16.30 Bremnes kyrkje
Onsdag 28. september kl. 16.30 Lykling kyrkje
Påmelding finn du her: Påmelding Tru:D 10 Jubileum for dåp
Siste frist for påmelding er søndag 25.september.
Velkommen til jubileumsfest!