Ledig konsulentstilling


Ledig 60-100% vikariat i Bømlo kyrkjelege fellesråd fram til 31.8.2023. Oppstart etter avtale.

 

KONSULENT

Det vert no ledig 60-100% vikariat som konsulent. Konsulenten vil jobba tett saman med fungerande kyrkjeverje.

 

Arbeidsoppgåver kan verta:

  • tilvise, registrere og varsle gravferder i Bømlo kommune.
  • ansvar for innkrevjing av festeavgifter og administrering av gravstellavtalar.
  • innkjøp av materiell på vegne av sokneråda.
  • skaffe vikarar etter behov til gudstenester og andre kyrkjelege arrangement.
  • administrere ferielister, sjukefråvær, og timelister.
  • attestere innbetalingar og faktura til BKF
  • anna førefallande kontorarbeid.
  • konsulent vil vera fungerande kyrkjeverje sin faste vikar.
  • økonomistyring

Endeleg oppgåver og stillingsbeskriving vert utarbeida etter kvalifikasjonar og i samråd med fungerande kyrkjeverje.

 

Kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning innan administrasjon, personal, kontor- og servicefag.
  • erfaring frå administrasjons- og kontorarbeid.
  • gode datakunnskapar
  • søkjarar med anna relevant utdanning vert oppfordra til å søkja.

 

Det vert lagt vekt på følgjande personlege eigenskapar:

  • sjølvstendig, strukturert, systematisk og fleksibel
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • effektiv og løysingsorientert

 

Vi tilbyr

  • tariffløn og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt arbeidsmiljø og faglege utfordringar.

 

Medlemskap i Den norske kyrkja er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsspråk.

For informasjon kontakt kyrkjeverje Trygve Leigland på tlf. 400 85 045, eller assisterande kyrkjeverje Janne G. Røsland på 404 12 262.

Søknad på finn.no Søknadsfrist 2. oktober

Attende