Kyrkjevalet 2023


Val av sokneråd i Bremnes, Moster, Bømlo og Lykling sokn - frist for innlevering av listeforslag

Nominasjonskomitéane i Bremnes, Moster, Bømlo og Lykling sokn set opp eit forslag til valliste til soknerådsval 2023. Forslag på kandidatar til sokneråda kan meldast til soknerådsleiarane;
Bremnes sokneråd: Kjersti Mæland (476 61 569)
Moster sokneråd:  Rune Sivertsen (911 45 693)
Bømlo sokneråd: Elin Vold (994 47 832)
Lykling sokneråd: Inger Johanne Sele (908 37 733) innan 15.mars.
Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.

Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.

Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd.

Innleveringsfrist for listeforslag er fredag 31. mars 2023, kl. 12.

Kyrkjevalet finn stad (10.) 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august. Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet.

Tilbake