Me søkjer etter nokon som ynskjer å vera sommarhjelp på kyrkjegardane på Bømlo.
SOMMARJOBB PÅ KYRKJEGARDANE
Bømlo kyrkjeleg fellesråd treng 1 ansvarsfull og sjølvstendig sommarvikar frå veke 25 t.o.m. veke 32 til kyrkjegardane i Bremnes, Bømlo, Lykling og Moster sokn. Erfaring med liknande arbeid er positivt. Det er ein fordel om du har fylt 18 år og har førarkort klasse B. Førarkort kl. BE er ønskjeleg.
Oppmøtestad: Servicehuset på Bremnes kyrkjegard
I tillegg treng me 1 sommarhjelp til kyrkjegarden på Espevær ein dag i veka i tidsrommet april/mai-ut september. Arbeidet her er å klyppe gras, luke bed og vatne ved behov.
Søknad med vitnemål og attestar kan sendast til fungerande kyrkjeverje på epost: jgr@bomlo.kommune.no For informasjon: 404 122 62 (fungerande kyrkjeverje) eller 909 85 266 (leiar på kyrkjegardane) Søknadsfrist er: 29.mars