Konfirmasjon i kyrkja handlar om å utforska kristen tru og dei store spørsmåla i livet. Du er velkommen til konfirmasjon i kyrkja uansett om du trur, tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du læra meir om deg sjølv og Gud. Me snakkar om livet - på godt og vondt.
Velkommen som konfirmant i kyrkjene på Bømlo!
Aktivitetar i konfirmantåret
I løpet av konfirmantåret er du med på konfirmantleir, gudstenester, undervisning, miljøtiltak, fasteaksjon og nokre samlingar for både konfirmantar og foreldre. Detaljert årsplan vert utdelt ved oppstart av konfirmantåret i august.
Her finn du invitasjon om Konfirmant 2024
Her kan du melda på til Konfirmant 2024