Nytt trusopplæringstilbod til 12-åringar


I juni drar me på tur til Solgry med 12-åringar.

I juni startar me opp eit nytt trusopplæringstilbod til alle som blir 12 år i år.

Onsdag 7. juni og torsdag 8. juni inviterer me til Aktivitetsfestival ute på området til Solgry ungdoms- og misjonssenter. De melder på til den dagen som passar best. Dette er eit samarbeid mellom alle kyrkjene på Bømlo. 

På Solgry blir det ulike aktivitetar blant anna grilling, gokart (dette kostar ekstra), ballspel, kanopadling, minigolf, bibelsamling. 

Me reiser frå Svortland kl. 15.00 og er tilbake på Svortland ca. kl. 19.30. Dei som bur på Moster møter i Gassasundet kl. 15.15.  Frå Langevåg organiserer me turen med ferja frå Langevåg kl. 15.00 og tilbake med ferja frå Buavåg kl. 19.30.

Pris: kr 200,- Dette inkluderer reise, mat og aktivitetar på Solgry.

*NB! Dei som vil køyra gokart må betale kr 120,- i tillegg, direkte til Solgry når me er på festivalen.

Det er avgrensa plasser på festivalen, maks 50 kvar dag. Førstemann til mølla.

Påmelding innan 1. mai her: Tru:D12 Aktivitetsfestival

Velkommen til å bli med festival!

Tilbake