Har du lyst å bli med på pilegrimstur? Onsdag 5. juli - søndag 9. juli blir det pilegrimstur frå Moster.
5.-9. juli 2023 arrangerer me pilegrimstur. Turen går frå Moster vidare til Halsnøy, Skånevik, Etne og endar opp i Røldal.
På Moster der pilegrimsvandringa startar skal det i 2024 feirast 1000-årsjubileum for Kristenretten. Jubileet har tre tema dei ynskjer samtalar rundt fram mot jubileumsfeiringa. Fridom, rettsvern og likeverd.
På pilegrimsturen i år vert rettsvern brukt som ein raud tråd i refleksjonar undervegs. Eit anna sentralt tema undervegs er dei sju nøkkelorda for pilegrim fridom, langsomheit, enkelheit, bekymringslause, stillheit, fellesskap og spiritualitet.
Vel framme i Røldal får me blant anna oppleva Røldalsspelet Den lange vegen. Dette spelet fortel Røldal si pilegrimshistorie gjennom spel og musikk. Forestillinga blir spelt utandørs ved Røldalsvatnet.
Praktisk informasjon
Tid: Onsdag 5. – søndag 9. juli 2023
Arrangør: Kyrkjelydane på Bømlo.
Turleiarar: Sissel Fylkesnes Våge, Berit M. Andersen, Lauritz Haarr, Sissel S. Gåsland, Birgitta Vedøy.
Plass: 15 deltakarar på langturen. Mogleg å bli med på dagsetappar undervegs. Alle velkomne!
Overnatting: Hotell/leirplass
Ta med: Dagstursekk, termos, sitjeunderlag, høvelege klede og vanntette sko/fjellstøvlar til vandringane. Bagasjen elles vert transportert frå stad til stad.
Pris: 3650,- kr. Prisen dekkjer alle utgifter undervegs frå Moster t.o.m. Røldal.
Påmelding: Innan 23. juni 2023 til Sissel.Vage@bomlo.kommune.no
Eller telefon: 993 25 028
Husk også eiga reiseforsikring.
Reisande frå Bergen som ynskjer å delta rekk utsendinga i Moster gamle kyrkje/amfi med hurtigbåt eller buss onsdag morgon. For forslag til reiserute ta kontakt med Regionalt pilegrimssenter i Bergen. Det vert sett opp skyss frå båtkai/ busshaldeplass til Moster etter behov.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om turen.
Program for pilegrimsturen finn du her: Pilegrimstur 2023
Velkommen til å bli med på pilegrimstur!