Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Reisebrev frå Londontur for 17-åringar


21. juni - 24. juni reiste me i regi av kyrkjene på Bømlo med 56 ungdomar på tur til London.

Londontur er eit av arrangementa me har i trusopplæringa på Bømlo. Det er dei som fyller 17 år som blir inviterte til å vera med på tur.

Laurdag 24. juni kom me heim frå årets Londontur for 17-åringane. Me har hatt gode dagar i London saman med 56 kjekke, nysgjerrige og tolmodige ungdomar!

Det blei fire innhaldsmetta dagar med alt frå morgonsamlingar med andakt, til kyrkjebesøk og shopping.

Me vaksne som har vore så heldige å få vera saman med ungdomane desse dagane er takknemlege og glade for gode opplevingar og samtalar.

To av gutane som var med har skrive reisebrev frå turen. Så her er litt av det me har opplevd dei siste dagane:

Onsdag 21.06.23:

Om kapp med sola, 04.20 reiste over 50 ungdomar og vaksne leiarar til London. Me måtte ha ein turbuss, i tillegg til ein minibuss. Dette var det største antalet som har vore på kyrkja sin Londontur, kjekt!

På Flesland gjekk det meste på skinner, før me letta på veg mot storbyen. På Gatwick stod det fem minibussar å venta på oss, før ein times kjøretur inn til London. Då me blei køyrd til våre hotell, var det viktigaste å få lagt bagasjen frå oss på hotella. Ein kan ikkje seie at me drukna i stjerner på hotella, men for å gjere det billigast mogleg for oss, måtte me tole litt harde senger.

Det var mange sultne ungdommar, det vil seie at alle sine augo var retta mot mat. Me tok deretter vår fyrste undergrunnstur desse dagane, men absolutt ikkje den siste. Ein undergrunnsbane kan lett forvirra ein gjeng med ungdommar(og vaksne), men med godt samarbeid, ordnar det seg til slutt.

Me gjekk ein tur i Oxford street, før me drog mot St. Pauls katedralen, der me fekk vere med på Evensong. Den store katedralen førte stemmene nydeleg ut i rommet. Det var då blitt kveld, og me fordelte oss på romma, og fann noko å ete. Alt i alt, ein lang og innhaldsrik første-dag.

Torsdag 22.06.23:

Denne strålande dagen starta med ein tur i parken der me slo oss ned og åt frukost i upåklagelig vêr. Sainsbury’s Local var butikken der 50 bømlingar handla frukost og lunsj hos, så dei har aldri sett betre dagar. Når me var ferdige å ete så hadde me ei lita samling der leiarane fortalde oss om planen vidare.

Me tok så undergrunnen til midten av byen der me verkeleg fekk oppleva London då me gjekk London by feet. Der såg me kjende turistattraksjonar som Buckingham Palace, London eye, Trafalgar square, Westminster Abbey og Big Ben. I tillegg var me i den mest kjende gata, Oxford street. Sola steikte, og heldigvis for oss var det mange butikkar i nærleiken slik at me kunne kjøpe vifter, caps, solbriller, vatn og solkrem, noko som er vesentleg å ha i varmen. Då me hadde spasert rundt i London ei stund tok me ein lunsjpause i parken der me oppsøkte skugge.

Etter dette var det tog til sjømannskyrkja i London. Her vart me fortalt om historia til kyrkja i tillegg til at me fekk etterlengta norske vafler og Friele kaffi, noko som slo veldig godt an. Etter besøket på sjømannskyrkja var me mette og nøgde og turte heimover.

På hotellet styla me oss opp og fekk på finkleda i anledning den store begivninga, «The Lion King». Det verdensberømte stykket slo godt an blant publikum og applausen lot ikkje vente på seg. Etter om lag 2 timar i teatersalen bevegde 50 nøgde ungdommar seg retta mot ein stappfull og kokande undergrunn. Då me kom på hotellet var det heim å ta seg ein dusj før ei god natts søvn venta.

Fredag 23.06.23:

Denne dagen fekk me velje litt meir sjølv kva me ville gjere. Før me reiste fekk me ei liste over aktivitetar som me kunne velgje.

Dei var som fylgjande:

• Sky Garden

• London Dungeon

• Camden Market

• Stamford bridge

• Natural history museum

Alle alternativa var kjekke så det var vanskeleg å velje, men inntrykket er at alle storkoste seg uansett kva aktivitet ein valde. Etter nokre timar på dei valfrie aktivitetane tok me turen til KFUK-hjemmet, som er eit norsk hostell i London som mange nordmenn reiser til, blant anna nokre av oss.

Der fekk me eit innblikk i kvardagen på hotellet og kva ein kan forvente seg der. Dei fortalde at dei stelte i stand mange forskjellige aktivitetar noko som bidreg til at alle på hotellet skal føle seg heime. Det at gjestene skal føle seg heime er nemleg det viktigaste for dei.

Etter den korte visitten på KFUK-hjemmet fekk me resten av dagen til å gjere det me ville. Etter ein varm og solrik formiddag var det ikkje berre huden vår som fekk svi, men også lommeboka. Shopping og mat var på agendaen for dei aller fleste og det var god stemning i leiren. Me var innom Westfield kjøpesenter, noko som var enormt. Der hadde dei omtrent alt du kunne be om på shopping og det var lett å gå seg vill. Då me kom tilbake på hotellet var det rydding og hygge som stod for tur. Dei fleste ville være lenge oppe og nyte den siste kvelden i London på hotellet med venene sine, til tross for trøtte og sletne kroppar som skulle i aksjon igjen om berre nokre få timar.

Laurdag 24.06.23:

Dette var openbart A-menneska sin tur, for 04.45 var me i bussen på veg mot Gatwick. Mange kjempa ein intens kamp mot vekkarklokka, og nokre spratt opp på rekordtid etter tapt kamp, men alle kom seg i bussen. Med god planlegging på førehand av leiarane var me på Gatwick i god tid, og alle fekk sjekka seg inn. Det var ikkje mange opne auger på flyturen heimatt, men då hjula traff rullebanen i Bergen vakna flokken til live. Taxfree-en blei besøkt og bagasjen henta, før bussane tok oss i mot utanfor klar for siste etappe. Ein vellykka Londontur er historie, med fine folk, nye inntrykk, delte historiar og opplevingar verdt å hugsa. Takk til alle leiarane som har tatt oss med, og ikkje minst fått alle trygt heim igjen. Gjengen til neste år har mykje å gleda seg til!

Eirik Nitter og Andreas Eidesvik

Tilbake