29. september i Bremnes kyrkje: Ei magisk konsertoppleving du rett og slett ikkje må gå glipp av
Fredag 29. september kl. 19.00 arrangerer musikklubben Morild konserten Bugge og Bertine - Tett på i Bremnes kyrkje.
Bertine Zetlitz vert gjerne omtala som ein av Norges mest ikoniske popartistar. Gjennom sine over 20 år som artist har ho med ni plateutgjevingar levert hits som «Cruel», «Girl Like You», «Fake Your Beauty» og «Sett at vi sier det sånn». Hennar innovative stil både visuelt og som låtskrivar har gjeve ho heile fire Spelemannsprisar og ho har blitt hylla av både publikum og eit samla kritikarkorps. Om samarbeidet med Bugge Wesseltoft seier ho følgjande:
«Å få med Bugge på dette prosjektet er en «klyp meg i armen»-situasjon jeg aldri hadde drømt om skulle være mulig»
Bugge Wesseltoft er ein av Norges fremste pianistar. Hans musikk står aldri i ro. Han er i konstant bevegelse, på søken etter nye utfordringar. Musikken hans har kryssa mange sjangerbarrierar, og han har alltid stilt spørsmål ved me treng slike barrierar. Til tross for hans briljante evne til nettopp å bringe alle typar stilartar inn musikken sin, vil det alltid ligge ein kjerne av jazz i musikken hans. Han er ein meister til å hente energi og nye perspektiv frå ulike stilartar og på ein elegant måte bringe dei inn i jazzen.
Saman kjem desse to artistane til å skape ei magisk konsertoppleving i Bremnes kyrkje som du rett og slett ikkje må gå glipp av.
Vi gler oss!!!
Billettar kan kjøpast på bomlokulturhus.no