Nytt orgel kjem på plass i Moster, og skal vera klart til påske 2024
I veke 37 blir orgelet i Moster kyrkje teke ned. Eit tysk firma som har spesialisert seg på å rive og gjenbruke gamle orgel, kjem og demonterer og tek med seg orgelet for å nytte det opp att.
Dei som kjem i Moster kyrkje i haust, vil altså sjå at det ikkje er noko orgel på galleriet der. Slik vil det vere til i slutten av november. Då kjem Brødrene Torkildsen med det nye orgelet og startar å bygge det opp i kyrkja.
Kyrkja blir då stengt i vekene 46 og 47 mens bygginga held på. I desse to vekene vil all kyrkjeleg aktivitet skje på Salem. Sjølve oppbygginga tek ikkje så lang tid, men å få det nye orgelet til å låte som det skal, tek tid.
Difor må gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i Moster kyrkje skje med piano som hovudinstrument fram til det nye orgelet er spelbart, til påske 2024.