Helga 28. oktober og 29. oktober kan du få med deg Bømlo Gospel sitt store haustprosjekt i Bømlo kulturhus.
Siste helga i oktober gjer Bømlo Gospel noko heilt nytt! Me flyttar oss over frå kyrkja til kulturhuset og inviterer med oss 14 profesjonelle musikarar, Bømlo SoulChildren, og barn frå Bømlo kulturskule sine ulike grupper for dans, song og teater.
Koret har sett av to kveldar i kulturhuset til å presentere ei førestilling i to akter med kjente hits frå dei animerte filmars verd. Her blir det perler på rad og rekkje, frå filmar som Løvenes konge, Jungelboken, Aladdin, Toy Story, Tarzan og mange fleire.
I orkesteret vil du sjå mange kjente fjes både i bandet og blant strykarane. Koret sine eigne solistar vil skina, og barn frå kulturskulen dansar, syng og spelar små teaterscener.
Skodespelar Anders Hatlo, som har vore tilsett både ved Nationalteateret og Oslo Nye Teater gjennom 1980- og 1990-talet blir med! Han har gjennom ein mannsalder også bidratt i ei mengd norske filmar (blant anna Olsenbanden junior), Hotel Cæsar og ikkje minst dubbing av animasjon-filmar i tillegg til si nyare rolle som kommentator i TV-serien «4-stjerners middag». I den norske versjonen av Løvenes konge spelte han rolla som Zazu og har dubba i nesten alle filmane koret syng frå denne kvelden.
Musikalsk leiing: Øystein Lund Olafsen
Billettar kan kjøpast her: Bømlo kulturhus
Velkommen til ein animert aftan i haustmørkret!