Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


2 ledige klokkarstillingar


2 ledige klokkarstillingar. Ein i Moster kyrkje og ein i Lykling kyrkje 

Det er ledig stilling som klokkar i Moster kyrkje og Lykling kyrkje. Klokkaren har praktiske og liturgiske oppgåver i kyrkja knytt til gudstenester. Arbeidstid er avgrensa til helger, kveld og høgtidsdagar, og kan difor enkelt kombinerast med anna arbeid, studie eller skule. Stillingane er i utgangspunktet 10% knytt til gudstenester annankvar søndag i Moster kyrkje, og 10 % knytt til gudstenester annankvar søndag i Lykling kyrkje. Det kan vera aktuelt å dele stillingane mellom to tilsett i kvar av stillingane slik at ein er knytt til annankvar gudsteneste (ca. ei gudsteneste kvar 4. søndag). Ei slik ordning vil bli i dialog med potensielle kandidatar.
Stillingane kan ikkje kombinerast då det stort sett er gudsteneste i Moster og Lykling samstudes.


Som tilsett får du:
- interessante utfordringar
- bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø fylt med oppmuntring, glede og humor
- vera med å setje ditt preg på gudstenestene i kyrkja
- tariffløn etter timeliste og tillegg for særskild arbeidstid


Me søkjer deg som har:
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- Glede av å samarbeide med andre
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt


Arbeidsoppgåver knytt til gudstenesta:
- Tekstlesing/tekstformidling
- Ha orden i materiell og utstyr i kyrkja (dåpsmateriell, lys m.m.)
- Avhjelpe prest med praktiske og liturgiske oppgåver


Det vert ikkje stilt krav til utdanning. Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

For informasjon kontakt:
- kyrkjeverje Trygve Leigland på telefon 400 85 045


Søknad med CV kan sendast på e-post til
trygve.leigland@bomlo.kommune.no

Tiltreding snarast.


Søknadsfrist: 12. desember

Tilbake