Klar for å senka skuldrene og bli fylt med juleglede saman med nokon du er glad i? Onsdag 6. desember kl. 21.00 er du velkommen til Vår Jul sin julekonsert i Bremnes kyrkje.
Gaute Ormåsen, Christian Ingebrigtsen, Maria Arredondo, Torstein Sødal og Agnete Saba inviterer deg inn i sitt musikalske univers
Det gjer dei saman med kapellmeister Øystein Lund Olafsen
Til lyden av klangfulle melodilinjer frå artistane, harmoni med ekte, nær og lun historieforteljing, blir du servert dei deiligaste rettar:
Frå dei nære, norske julesongane til vakre ballader ikledd mektige melodiar
Fantastisk er det også at Bremnes Kantori blir med oss denne kvelden.
Billettar på Ticketmaster
Varmt velkommen på konsert!